Miles2Smiles

Reisa er over - om ein time er eg i drosje på veg til flyplassen i Entebbe og i morgon er eg heime. Mange sterke inntrykk ett 14 dagar på tur - som for eksempel i dag etter besøket i Miles2Smiles. Dette er eit dagsenter for barn i alderen 1,5 år til fem og eit halvt år. Barn av mødre som arbeidar på markedet i nærleiken og som ikke har nokon stad å ha borna medan dei er på arbeid. Alternativet er å å ha dei med seg - men det kostar pengar - bestikkelse til vaktene på markedet. Difor er Miles 2 Smiles kjerkomment.

På bilde over ser du ei mor som har ei datter på senteret - men det yngste barnet er for lite til å være der og er med på jobb. Ho betalar i bestikkelse 1000 shilling per dag (tre kroner ) for at ungen som er ni månader kan være med - og dagen den tilbringe han i ein boks under bordet der ho har utstilling av varene sine - papaya. Ho har ingan annan stad å ha han så han m¨å være med.

140 barn - lydar - smil latter og glede - men bak fasaden er det smerte,neglisering, overgrep, misbruk, underernæring, feilernæring, mangel på stimulering, mangel på omsorg og kjærleik - i det heile dette er born som ikkje får verken mat eller omsorg - og det rett og slett fordi mange av mødrene ikkje maktar gje dei det.

Det er ikkje lett å fortså for ein som kjem inn og skal føle og kjenne kva som skjer - snakke med mødre og observere forholda - men når den daglege leiaren på senteret og to norske act now studentar fortel og understrekar det mødrene har fortalt meg - då vel eg å tru på dei. Borna har vanskelege oppveksttilhøve - Miles 2 Smiles gjer noko med det for den 140 som har fått sjansen til å være her. Og me i Strømmestiftelsenn støttar dette prosjektet fordi me ser at det har stor verknad og kan utgjere ei stor endring for borna som er så heldige at dei er her.

To måltid om dagen framfor eit - og det er ofte eit dårleg eit - Borna er gladare og mødrene - svært mange av dei einslege mødre er glade og det er smil å sjå - glede å spore og framgang å notere for dei som er her.

Eg er på vei heim no - skal heim til trygge Kristiansand - det set i gang nokre tankar hos meg.

Egil Mongstad

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar