Det er faktisk spennande å ha seminar for våre samarbeidspartnere her i Vest-Afrika. Kulturen er forskjelleg. Korleis media fungerar er forskjelleg, korleis ein forheldt seg til media er i alle fall forskjelleg. Og samstundes er det mykje som er likt.
Når me avslutta seminaret i dag så var det i ei felles forståing av at dette var begynnelsen på fortsettelsen. Ynskje om å lære meir, få betre forståelse av media og korleis dei mange ulike media kan brukast var faktisk ein av dei aller viktigaste opplevinga deltakarane hadde. Dei fekk lære einskilde teknikkar og metodar for å arbeide med ein sak, og korleis skrive ei sak. Men dei ville meir og det er noko me må ta vidare.
For oss oss som organisasjon er det viktig at vi kan ha folk i felt som kan samle informasjon og skrive ei sak som dei kan levere med bilde, og at det er våre folk i våre partnerorganisasjonar som gjer dette. Det sparar våre eigne folk - men samstundes er dette med å mobilisere kunnskap til våre partnere som ikkje berre dei, men samfunnet vil ha glede av. Det er det faktisk fint å være med på.
Det som overraksa ein del var at det i alle fall på medier som ikkje er store landsdekkande medier, så er det snakk om pengeboka og ikkje kor viktig saka er som avgjer om den kjem på trykk, eller i eteren. I strøk - for eksempel i Mali finnes det over 200 radiokanalar. Dei må overleve og den som overlever er den som har flest saker på. Det er sakene som altså betaler seg. Men habiliteten og den objektive journalistikken er det ikkje lett å få auge på her.
Så vi har prøvd - vi i Strømmestiftelsen å få dei i våre samarbeidsorganisasjonar til å forstå at det er saka i seg sjøl og ikkje pengeboka som gjev dei gode sakene. Så får me sjå korleis det går. Det har i alle fall vore spennande. Og etter tilbakemeldingane både frå Mali og her i Burkina Faso, så har dette gitt nytt lys over korleis arbeide med media og korleis skrive ein god arikkel og ta gode bilde. Så gjenstår det å sjå. Kjekt var det i alle fall.
Egil bloggar denne frå Ouagadougou, hovedstaden i Burkina Faso.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar